• Kulturvandring til Astruphytta i Sanddalen

    Kunstnaren Nikolai Astrup hadde hytte ikkje langt frå Indre Sandalsstøylen. Hytta var lenge «gløymt», men er no restaurert og i bruk. Hytta er i privat eige, men med høve for ålmenta å besøkje den. Saman med Jølster sogelag og Førde historielag inviterer Indre Sunnfjord til tur til Astruphytta torsdag 27. august.

    Turen er karakterisert som enkel, og for dei som reiser frå Førde er den stipulert til fire timar – 17-21. Men for dei som er busett i Jølster og sjølve tek seg fram til startpunktet tek det heile kortare tid.

    Vi kjem tilbake med meir detaljar etter kvart, mellom anna oppmøtestad for dei som møter direkte og klokkeslett. Velkommen til kulturvandring i vakker Jølster-natur.

    Gratis
  • Kulturvandring på Kjøsnes

    Søndag 6. september er det klart for kulturvandring på Kjøsnes. Johannes Kjøsnes viser veg til Kjøsneshogen og den over 100 år gamle stova plassert  mellom fem-seks gravhaugar.  Han fortel historia […]

    Gratis
  • Smalfilmkveld i Gjesthalla

    Søndag 25. oktober er det klart for ny smalfilmkveld i  Gjesthalla på Vassenden. Og som sist haust er det Anne Cecilie Kapstad som viser filmar og bilde tekne av Bård […]

    kr150