• Årsmøte Jølster sogelag

    Medlemmer og andre interesserte er velkomne til årsmøtet på Vassenden bibliotek måndag 23. februar kl 19.00. Sakliste: 1:          Godkjenning av innkalling og sakliste 2:          Val av møteleiar 3:          Val av skrivar 4:          Val av to til å skrive under møteboka 5:          Årsmelding 2025 6:          Rekneskap 2025 7:          Medlemskontingent 2026 og 2027 8:          Budsjett 2026 9:          […]

    Gratis
  • Smalfilm og slepp av Sogeskrift for Jølster

    Jølstraholmen Landskapshotell

    Søndag 22. mars er det klart for slepp av historias første Sogeskrift for Jølster. Det skjer på Jølstraholmen Landskapshotell på Vassenden. Og viss du ikkje fekk med det smalfilmframsyninga i Gjesthalla sist haust får du ein ny sjanse å sjå smakebitar denne ettermiddagen. Og ikkje nok med det; Jølstraholmen Landskapshotell opnar for at det heile […]

    Gratis
  • Kulturvandring i Tjovurda Stardalen

    Flatjord i Stardalen Stardalen 506, Jølster, Vestland

    7. juni arrangerer Jølster sogelag tur i spora etter Tjovane i Tjovurda. Jacob Flatjord er guide, og mykje av turen går inne i urda der tjovane, ifølgje segna, budde ein vinter på 1750-talet. Turen er krevjande og deltarane går på eige ansvar. Vi er avhengig av opphaldsver for å kunne gjennomføre turen.

    Gratis
  • Kulturvandring til Astruphytta i Sanddalen

    Kunstnaren Nikolai Astrup hadde hytte ikkje langt frå Indre Sandalsstøylen. Hytta var lenge «gløymt», men er no restaurert og i bruk. Hytta er i privat eige, men med høve for ålmenta å besøkje den. Saman med Jølster sogelag og Førde historielag inviterer Indre Sunnfjord til tur til Astruphytta torsdag 27. august.

    Turen er karakterisert som enkel, og for dei som reiser frå Førde er den stipulert til fire timar – 17-21. Men for dei som er busett i Jølster og sjølve tek seg fram til startpunktet tek det heile kortare tid.

    Vi kjem tilbake med meir detaljar etter kvart, mellom anna oppmøtestad for dei som møter direkte og klokkeslett. Velkommen til kulturvandring i vakker Jølster-natur.

    Gratis
  • Kulturvandring på Kjøsnes

    Søndag 6. september er det klart for kulturvandring på Kjøsnes. Johannes Kjøsnes viser veg til Kjøsneshogen og den over 100 år gamle stova plassert  mellom fem-seks gravhaugar.  Han fortel historia om staden der det er dokumentert busetnad for mellom 1500 og 2000 år sidan. Dattera, Ragnhild, tok over gardsbruket i 2023, og satsar som heiltidsbonde […]

    Gratis