Over 80 på smalfilmkveld i Gjesthalla

Over 80 personar benka seg i Gjesthalla på Vassenden søndag 25. oktober for å oppleve den andre smalfilmkvelden der Anne Cecilie Kapstad viste filmar signert Bård Hamar og hans son, Rune.
Kapstad har digitalisert over sju timars opptak, og sist haust vart dei første vist i Gjesthalla med over 170 i salen. Denne søndagen var det duka for ny runde og nye filmar.
Og publikum likte det dei såg, der Hamar sine filmar tok oss tilbake til 70- og 80-talet.
Mellom anna fekk vi sjå 17-mai feiringar på Vassenden, her med Gunnar Smaadal, som forteljar og guide. Vi fekk også vere med på aktivitetsdagar på Vassenden skule og eksteriørdømming av ku før turen gjekk høgt til fjells – til Grovabreen.
Tre unge gutar frå Vassenden bestemte seg for å reise til Holmenkollen for å delta i det populære TV-programmet «Ta sjansen». Og publikm fekk sjå prosessen frå planlegging til ferdig bygd båt, før det heile vart toppa med NRK-klipp frå «seglasen» i nasjonalanlegget.
For kort tid sidan vart nærbutikken på Vassenden lagt ned, og kva var vel då meir naturleg enn å avslutte kvelden med ein film der Gjesdal ungdomslag hadde lotteri framfor butikken? Her vart det humrande gjensyn med dåtidas unge og godt vaksne.
Jølster sogelag og Gjesthalla samfunnshus samarbeidde om arrangementet