
Kunstnaren Nikolai Astrup hadde hytte ikkje langt frå Indre Sandalsstøylen. Hytta var lenge «gløymt», men er no restaurert og i bruk. Hytta er i privat eige, men med høve for ålmenta å besøkje den. Saman med Jølster sogelag og Førde historielag inviterer Indre Sunnfjord til tur til Astruphytta torsdag 27. august.
Turen er karakterisert som enkel, og for dei som reiser frå Førde er den stipulert til fire timar – 17-21. Men for dei som er busett i Jølster og sjølve tek seg fram til startpunktet tek det heile kortare tid.
Vi kjem tilbake med meir detaljar etter kvart, mellom anna oppmøtestad for dei som møter direkte og klokkeslett. Velkommen til kulturvandring i vakker Jølster-natur.
Link til turlaget sin presentasjon av turen:
https://aktiviteter.dnt.no/register/naturogkulturastruphyttaisandalen_11052026074355#/


