Universitetsbiblioteket i Bergen har ei av landets største samlingar av mellom anna gamle bilde. I januar 2023 frigav dei rundt 75.000 bilde som på visse vilkår kan brukast fritt. Blant desse bilda er mange frå Jølster, og vi har plukka nokre av dei for publisering på vår nettside.
Desse bilda kombinerer vi med bilde tekne i 2026 for å vise endringane. Dei gamle bilda er tekne mellom 1880 og 1937, og i denne publiseringa har vi hovudfokus på Vassenden og Helgheim kyrkje, som i 2027 kan markere 150 års jubileum. Vi kjem seinare med bilde frå Årdalen, Førs, Kjøsnesfjorden og Stardalen. Så føl med. Tidlegare presentert: Vassenden.
Mange av bilda er tekna av fotograf Knud Knudsen (1832-1915). Ved sida av Marcus Selmer var han den viktigaste fotografen i Bergen på 1800-talet, og ein av de store stilskaparane i norsk fotografi. Knudsen kom fra ei landhandlarfamilie i Odda, starta karrieren som butikksvein i Bergen og dreiv ein planteskule på Tokheim i Hardanger. Han åpna eit fotoatelier i Bergen i november 1864, men vart etter kvart mest berømt som landskapsfotograf. Han reiste mykje rundt om på Vestlandet, og har teke mange bilde frå Jølster. Hans aktive fotoperiode varde frå 1862 til ca. 1900. Knud Knudsen si samling vart innkjøpt av Universitetsbiblioteket i 1975 og har frå 2013 vore ein del av Norges dokumentarv. (Kjelde:Universitetsbiblioteket Bergen).

Naust Husstranda fotgrafert mellom 1880 og 1882. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under: same stad i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Mot Skei hotel. I framgrunnen kornstaurar. Heilt til høgre ser vi det gamle skulehuset (kvitt bygg). Bildet er tidfesta til mellom 1889 og 1893. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under teke i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Bildet er teke frå Skei hotel i 1922. Foto: Ralph L. Wilson. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Under frå nær same området i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Naust på Husstranda ved Jølstravatnet. I bakgrunnen Dvergsdal og Dvergsdalsdalen. Bildet er tidfesta til 1880-1882. Foto: Knud Knudsen. Under: Same stad i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Frå Fuglestand vest for Skei sentrum mellom 1880 og 1882. Bygget i bakgrunnen står i dag, og blir nytta som garasje. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Under: Same stad i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Mot Skei sentrum. Midt på bildet Stanley hotell. Bildet er tidfesta til 1888-1894. Hotellet stod i fem år før det vart kjøpt av Skei hotel, demontert og sett opp att der. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under: Same stad i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Mot Skei sentrum i 1938. Foto: Jørgen Grundtvig-Olsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under er tek frå same stad i 2026, men med ein ikkje like vid videvinkel. Foto: Svein Heggheim


Mot Skei, teke på motsett side av vatnet i 1938. Midt på bildet Vikenhuset, som vart rive i 2014 etter mykje dramatikk. Foto: Jørgen Grundtvig-Olsen. Under frå nær same stad i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Skei hotel mellom 1889 og 1893. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bilde under er frå 2026. Foto: Svein Heggheim.


Mot Skei hotel. Bildet er tidfesta til 1895-1905. Foto: Jørgen Grundtvig-Olsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under er frå 2026. Foto: Svein Heggheim.


Mot Skei sentrum og Kjøsnes (t.h). Foto: Jørgen Grundtvig-Olsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Under: I 2026. Foto: Svein Heggheim.


Skei hotell mellom 1895 og 1905. Foto: Theodor Kielland Torkildsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Skei mellom 1889 og 1893. I framgrunnen Skei hotel. På odden i bakgrunnen: Stanley hotell. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Båtskyss mellom 1895 og 1905. Foto: Theodor Kielland Torkildsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Skei hotel mellom 1889 og 1893. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Mot Skei hotel 1903. Foto: Borthen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Mot Skei hotel datert 1937. Foto: Jørgen Gryndtvig-Olsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Bildet er datert i perioden 1897-1905. Nærmast det som var Viken skule. I bakgrunnen Skei hotel. Foto: Lauritz Johan Bekker Larsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.


