Universitetsbiblioteket i Bergen har ei av landets største samlingar av mellom anna gamle bilde. I januar 2023 frigav dei rundt 75.000 bilde som på visse vilkår kan brukast fritt. Blant desse bilda er mange frå Jølster, og vi har plukka nokre av dei for publisering på vår nettside.
Desse bilda kombinerer vi med bilde tekne i 2026 for å vise endringane. Dei gamle bilda er tekne mellom 1880 og 1937, og i denne første publiseringa har vi hovudfokus på Vassenden og Helgheim kyrkje, som i 2027 kan markere 150 års jubileum. Vi kjem seinare med bilde frå Årdalen, Skei, Førs, Kjøsnesfjorden og Stardalen. Så føl med.
Dei aller fleste bilda er tekna av fotograf Knud Knudsen (1832-1915). Ved sida av Marcus Selmer var han den viktigaste fotografen i Bergen på 1800-talet, og ein av de store stilskaparane i norsk fotografi. Knudsen kom fra ei landhandlarfamilie i Odda, starta karrieren som butikksvein i Bergen og dreiv ein planteskule på Tokheim i Hardanger. Han åpna eit fotoatelier i Bergen i november 1864, men vart etter kvart mest berømt som landskapsfotograf. Han reiste mykje rundt om på Vestlandet, og har teke mange bilde frå Jølster. Hans aktive fotoperiode varde frå 1862 til ca. 1900. Knud Knudsen si samling vart innkjøpt av Universitetsbiblioteket i 1975 og har frå 2013 vore ein del av Norges dokumentarv. (Kjelde:Universitetsbiblioteket Bergen).

Vassenden mellom 1889 og 1893. T. h. Jølster hotell som då heitte Nielsens hotell. Det kvite bygget midt på bildet var skysstasjon, og seinare postkontor. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under er teke i 2026. Foto: Svein Heggheim.

Vassenden. Bildet er tidfestea til mellom 1889 og 1893. Nielsens hotell (seinare Vassenden hotell og Jølster hotell) hotell vart bygt rundt 1890. Det bygget er ikkje reist Foto: Knut Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under teke i 2026. Foto: Svein Heggheim

Dette bildet frå Vassenden er teke mellom 1888 og 1893. Foto Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under teke i 2026. Foto: Svein Heggheim.


Bildet er teke mellom 1888 og 1894. Naustet i bakgrunnen står i ei oppgradert utgåve i dag. (bildet under) Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Foto 2026: Svein Heggheim

Gamlebrua slik den stod då dette bildet vart teke, tidfesta til ein gang mellom 1888 og 1894. Hotellbygget ikkje er reist. Nielsens hotell vart bygd rundt 1890. I dag er hesa i framgrunnen erstatta med gjerde, og brua er oppgradert.
Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.. Foto 2026: Svein Heggheim.

Mot Jølstravatnet i 1927. I dag er fyllinga erstatta med stupebrett (under). Foto: Jørgen Grundtvik-Olsen, Marcus spesialsamlingene ved UIB.. Foto 2026: Svein Heggheim

Brua og Jølstra sett frå tomta til Jølster hotell mellom 1888 og 1884. Utsikta er vesentleg endra i dag (bildet under). Foto. Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under: Foto: Svein Heggheim

Vassenden. Bildet er tidfesta til ein gong mellom 1888 og 1894, men er truleg teke før 1890 av årsaker nemnd over. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Utsikt mot Jølstravatnet, Jølstra og Gjesdalsdalen. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Vassenden i 1882. Gard med uthus. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB..

Utsikt mot Jølstravatnet. Bildet er tek mellom 1880 og 1882. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Bildet er teke mellom 1880 og 1882. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Bildet er tidfesta til 1909. Foto: Atelier KK. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Jølster hotell slik det stod rundt 1890, då med namnet Nielsens hotell. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.

Helgheim kyrkje vart opna i 1877. Dette bildet er teke ein gong mellom 1888 og 1893. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB.. Under: Slik ser den ut sett frå nesten same stad i 2026. Foto: Svein Heggheim.

På avstand. Bildet er teke samstundes som det over. Vegen har endra seg mykje, men bygget er det same. Foto: Knud Knudsen. Marcus spesialsamlingene ved UIB. Bildet under: Foto: Svein Heggheim


