Kjøsnes og Kjøsneshogen formeleg osar av gammal kulturhustorie. Søndag fekk dei 27 deltakarane på Jølster sogelag si kulturvanding ei grundig innføring i den historia. Der vandra dei mellom tusen år gamle bygningar og fleire tusen år gamle gravhaugar. Og sanneleg fekk dei også smake tradisjonsrike godbitar i form av rømask og heimelaga potetkaker.

KULTURHISTORIE: Mellom gravhaugar og bygningar som vart reist for første gong på 1500-talet. Bygget til høgre vart kjøpt av Trygve Bydal og flytta i Kjøsneshogen. Bydal eigde både det og gamlestova frå 1926 til Kjøsnes-familen kjøpte eigedomen tilbake i 1986. Foto: Svein Heggheim
Johannes Kjøsnes og dotter Ragnhild var vertskap og delte raust av sin kunnskap både om dei gamle bygningane, korleis det var å drive jordbruk i farne dagar – og ikkje minst vandringa mellom gravhaugan på Kjøsneshogen. Dei er seks sju i talet, og let ein blikke vandre eit par hundre meter retning Kjøsnesbrua kan det leggast til ytterlegare tre.
To av dei er gravne ut og dokumenterte spor av busetnad mellom 1500 og 2000 år tilbake i tid.

HISTORIE: Johannes Kjøsnes (nærmast av dei i blå jakke) fortalde og gravhaugar, landbruksdrift og gamle bygningar på Kjøsneshogen. Foto: Svein Heggheim
Vandringa starta i gardstunet til vertskapet på Kjøsnes, og gjekk vidare til det som i si tid var bustadhus på ein husmannsplass på Kjøsnes. Bygget har også fungert som meieri for dei tre bruka der. Det har blitt demontert minst fire gonger, og sett oppatt, mellom anna i Kjøsnesfjorden før det igjen vart flytta tilbake til Kjøsnes for rundt 20 år sidan.

HUS PÅ VANDRING: Dette bygget var opphavleg bustadhus på ein husmannsplass på Kjøsnes. Ragnhild Kjøsnes driv bruket i dag, og har som mål å ta det i bruk som visningsbygg for produksjon av mellom anna brunost, gombe og gammalost i løpet av det nærmaste året. Foto: Svein Heggheim

TRADISJONSMAT: Ragnhild Kjøsnes baud på rømask, Johannes Kjøsnes hadde laga potetkaker. Foto: Svein Heggheim
Deretter gjekk turen til Kjøsneshaugen der vandrarane vart invitert inn i den over 1000 år gamle stova som fungerte som bustadhus på gardsbruket. I 1919 vart det bygt nytt hus, og gamlestova vart riven og reist på nytt der den står i dag.

HISTORIEFORTELJAR: Johannes Kjøsnes delte raust sin kunnskap om gamlestova til lydhøyre vandrarar. Foto: Svein Heggheim
– Vi reknar med den vart reist på 1500-talet, sa Johannes Kjøsnes då han ønskte velkommen til det ærverdige bygget som i dag fungerer som feststove for familien.
Og vertskapet stoppa ikkje der. Ragnhild har 7 vaksne Vestlandsfe og like mange ungdyr i fjøsen. Ho produserer mellom anna rømask, eit produkt deltakarane var invitert til å smake.
Vandringa på Kjøsnes var den andre kulturvandringa arrangert av Jølster sogelag. Den første gjekk til Tjovurda i Stardalen tidleg i juni. Då med 19 deltakarar.

MENY: Rømask og potetkaker stod på menyen. Foto: Svein Heggheim

LANG REKKE: På vandring mot Kjøsneshogen kunne deltakarane studere ungdyra på garden. Foto: Svein Heggheim

STORT NAUST: Naustet vart bygt stort for å for å gje plass til dei store robåtane som mellom anna frakta kyr på sommarbeite i Kjøsnesfjorden. Foto: Svein Heggheim




