Kulturvandring til Astruphytta

Torsdag 27. august var Jølster sogelag medarrangør då Indre Sunnfjord turlag stod som arrangør av kulturvandring til Astruphytta i Sanddalen. Med på laget var også Førde historielag.

Deltakarane får orientering om Astruphytta, der Nikolai Astrup søkte ro når han hadde behov for det. Bildet t.h. Olin Steinsvik og Bjarne Sunde framfor Astruphytta. Foto: Dag Lien.

Torsdag 27. august var Jølster sogelag medarrangør då Indre Sunnfjord turlag var initiativtakar til kulturvandring til Astruphytta i Sanddalen. Med på laget var også Førde historielag.

Astruphytta ligg idyllisk til ved elva like nedanfor Indre Sanddalsstøylen. Det er såleis kort veg frå bilveg. Og det var 13 som tok turen denne fine seinsommarkvelden.

Olin Steinsvik representerte Astruptunet og orienterte om hytta. Deretter fortalde Bjarne Sunde om restaureringsarbeidet, som pågjekk i perioden 2017 – 2019. Den jobben vart gjort av lokale handverkarar med Kulturminnefondet som ein avgjerande støttespelar.

Interiørbilde frå hytta. Foto: Dag Lien

Kulturminnefondet var ein viktig støttespelar då hytta vart restaurert. Det viser att på ytterveggen. Foto: Dag Lien.

Hytta vart bygt rundt 1920, og her budde Nikolai Astrup i periodar når han hadde behov for litt ro. Hytta vart også brukt ein god del som utgangspunkt for jakt og fiske, av born og kjenningar av Astrup. Hytta er i dag eigd av to barneborn av Astrup, og er ein del brukt i sommarhalvåret.