Søndag 7. juni kl 12.00 er det klart for kulturvandring i Tjovurda i Stardalen. Arrangør: Jølster sogelag.

Starten: Her startar turen inn i Tjovurda. Jacob Flatjord (t.v.) og Joar Helgheim er klar til å guide turgåarar gjennom urda.
Måndag kveld gjennomførde sogelaget siste gjennomgang saman med guide Jacob Flatjord og medhjelpar Joar Helgheim. Og konklusjonen er klar; det blir kulturvandring som planlagt – viss metereologane sine vervarsel slår til. Vil du bli med? Fint om du melder frå på telefon 911-49819.
Dei siste førebuingane vart gjort denne kvelden, nokre ekstra tau vart festa for at turen skal bli endå sikrare for dei som vil sjå, oppleve og få fortalt om urda der to tjuvar, ifølgje segna, budde midt på 1700-talet. Og gjorde kvardagen mindre behageleg utrygg for innbyggjarane i dalen.
Tidvis krevjande. Frå dei kanskje mest krevjande partiet på turen.
Jacob Flatjord og Reidar Bakke har tidlegare guida interesserte gjennom den mektige urda der tjuvane livberga seg ein vinter, før dei etter segna vart fanga og jaga ut av dalen. No har Jacob Flatjord takka ja til ein ny guida tur gjennom urda der Jølster sogelag er arrangør, og han har med fire medhjelparar for å lose interesserte trygt gjennom urda.
Sogelaget ønskjer alle velkomne til å bli med til turen som tek vel to timar. Men det er også viktig å vite at dette er ein krevjande tur i den ulente urda. Men føler du at du meistrar slike forhold får du ei heilt spesiell naturoppleving.
Mykje av turen går inne i sjølve urda, difor er det viktig å ha stødige sko med gode sålar. Hovudlykt er også viktig å ha med på turen. Der er også tidvis trangt, så ryggsekken bør nok bli att før du går inn i sjølve urda.
Sogelaget understrekar også at den einskilde deltakar går på eige ansvar, men har du røynsle frå turar i krevjande terreng får du ei turoppleving du vil hugse ei stund.
Turen startar på Flatjord der vi parkerer ved fjøsen på venstre side av vegen kort etter å ha køyrt over brua. Derfrå går den i flatt lende i ca 10 minutt før urda openberrar seg, og vi legg turen inn mellom dei store steinane .
For turlaget vil det vere flott om dei som blir med på turen melder frå på førehand. Det gjer du ved å sende melding med namn til telefon 911-49819.

Parkering: Her kan du parkere ved fjøsen til Jacob Flatjord like ved fylkesvegen ca 5 km frå krysset frå E39 på Klakegg. På motsett side av elva: Samdriftsfjøsen til Stardalen samdrift.


