Heilt øvst i rundturen gjennom urda ligg Katedralen. Her har Olav Stedje hatt konsert med rundt 40 besøkande.
Viss du har lese Jølster sogelag sitt sogeskrift for 2026, har du kanskje lese segna om tjovane i Tjovurda i Stardalen. Søndag 7. juni kl 12.00 får du sjansen til å gå i fotspora til duoen som budde i urda, og gjorde kvardagen utrygg for dei som budde i dalen rundt år 1750.

Store steinar gjer urda vest for Flatjord tilgjengeleg for guida turar.
Jacob Flatjord og Reidar Bakke har tidlegare guida interesserte gjennom den mektige urda der tjuvane livberga seg ein vinter, før dei etter segna vart jaga ut av dalen. No har Jacob Flatjord takka ja til ein ny guida tur gjennom urda der Jølster sogelag er arrangør.

SKORSTEINEN: Dette er truleg det mest krevjande partiet.
Sogelaget ønskjer alle velkomne til å bli med til turen som tek vel to timar. Men det er også viktig å vite at dette er ein krevjande tur i den ulente urda. Men føler du at du meistrar slike forhold får du ei heilt spesiell naturoppleving.
Mykje av turen går inne i sjølve urda, difor er det viktig å ha stødige sko med gode sålar. Hovudlykt er også viktig å ha med på turen. Der er også tidvis trangt, så ryggsekken bør nok bli att før du går inn i sjølve urda.

STARTEN: Jacob Flatjord ved inngangen til det første partiet i urvandringa.
Jacob Flatjord kjenner urda godt og losar oss trygt gjennom. Men det er sogelaget som er arrangør, og vi stiller med hjelparar som kan bistå viss det blir behov for hjelp undervegs. Men det er viktig å understreke at den enkelte går på eige ansvar. Kulturvandringa er gratis


Bildeglimt frå rundturen i Tjovurda. Den byr både på idyll og kranglevorent terreng.


