Bildeskatt frå Veiteberg skule

 

1947 – 17 elevar. Skuledag i Veitebergsdalen.Frå v: Arnhild Veiteberg, Sigrid Veiteberg, Dagfrid Lyngstad, SigdisMyklebust, Ruth Befring, Kjartan Myklebust, Idar Befring, Trygve Flatjord, Olav Befring, Anders Veiteberg, Ottar Befring, Edvard Befring, Jon Lyngstad. Bakerst: Tor Veiteberg, Kolbjørn Befring, (og to ukjende).

Veiteberg skule i Stardalen vart bygd rundt 1890, og fungerte som grendaskule til elevane vart overført til den nye sentralskulen på Skei i 1960. Sverre Myklebust vart tilsett som lærar i 1923 og blei der til nedlegginga i 1960. Då vart han med på flyttelasset til Skei skule.

Av Svein Heggheim

Skulen hadde elevar frå Veiteberg, Lyngstad og Befring, og seinare kom også elevane frå Flatjord hit. Dei gjekk først på Heggheim skule.

Frå 1940 jobba Myklebust også aktivt med å samle og skrive tekstar, og sonen, Kjartan, har systematisert og katalogisert dette i ei samling han gav til Jølster sogelag.

I denne samlinga finn vi fleire bilde frå Veiteberg skule. Det eldste er frå 1914 då Per Åland var lærar for dei 38  elevane ved skulen. Åland var også mannen som tok mellom 35 og 40 elevar med på skuletur til Olden. Turen gjekk først til Sandane og vidare til Olden med nattbåt. Olden vart det ei overnatting før turen gjekk tilbake til Stardalen over Oldeskaret.

I samlinga finn vi også fleire bilde frå skulekvardagen. Der er også bilde frå 17. mai feiringa i Stardalen i 1945. Bilda deler vi her.

 

17. mai feiring 1945.
17. mai 1945. Frå v:  Margit Befring, Sigdis Myklebust, Nils Heggheim. I midten: Dagfrid Lyngstad. Bakerst f.v: Søstrene Ruth og Åsa Befring og Liv Lyngstad.

1930 – 19 elevar: Bakerst helsesøster Sandra og distriktslege Trygve Bydal. Framfor: Kåre Flatjord + mora Martina. Vidare mot høgre: Severina Befring, Rakel Befring, Maria Veiteberg, Ellen Befring (nesten gøymd), Martina Flatjord, Rakel Flatjord, Tomina Befring, Maria Befring.

Elevane er frå v: Bjarne Befring, Jon Befring, Johannes Befring, Jon Flatjord, Samuel S. Veiteberg (framfor mor si, Maria, nesten gøymd), Sverre P. Befring, Anders Befring, Hjørdis Befring, Bjarne Flatjord, Palma Befring, Sverre O. Befring, Torbjørg Veiteberg (nesten gøymd), Steinar Befring, Hilda Veiteberg, Solveig Veiteberg, Katarina Flatjord, Jorunn Veiteberg, Olina Flatjord, Norunn Veiteberg.

 

Veiteberg skule slik den stod før den vart riven. Den stod i Bakke, mellom Lyngstadfossen og Veiteberg.
Elevflokken i 1934.

 

Elevar i 1925
Elevar i 1925.

Skuleelevar ca. 1934. Frå v: Borgny J. Befring, Johannes J. Flatjord, Magnhild N. Befring, Sigurd T. Veiteberg, Katarina J. Flatjord (Nyborg), Karl A. Veiteberg, Nora D. Veiteberg.

Skuleelevane i  1939

 

 

 

Biologitime ute i marka.
Botanikktime på Gunnastøylen i Veitebergsdalen i 1947.