Tjovane i Tjovurda

 

Solauga rulla oppover austre fjellryggen langt inne ved Jostedalsbræen, og dei fyrste solstrålane blenkte alt i småbylgjone på bygdevatnet. Bjørkeskogen lyste gullfin på dei kvite stammane rundt i liene. På sume av nesa som stakk seg fram i vatnet, låg gråe hus. Rundt desse var det oftast ein potetåker og noko dyrka jord, og bort etter bøane stod ein og annan rognen og lyste raudt no i morgonsola.

Tjovane slik Toralf Flatjord teikna dei. Den eine var ein røseleg kar.

I dette fagre morgonlandskapet sat to framandkarar og diskutera vandringsleidi for dagen. Attmed dei låg eit par skinnfellar og noko matrestar. Dei hadde hatt nattelægjet sitt her, og var alt ogso ferdige med morgonmaten sin. På siste åsryggen dei gjekk over i går kveld, hadde dei stade lengje og sett innetter bygdi.

Bygda dei såg mot var Stardalen i Jølster. Og valet deira sette sitt preg på livet i dalen den vinteren.

Les segna om tjovane i Sogeskrift for Jølster som kjem i sal 22. mars.