
Eit sogelag for framtida
Jølster sogelag vart etablert 3. april 2024 etter eit sterkt ønskje om å styrkje og synleggjere den lokale kulturarven i bygda. Jølster har alltid hatt eit rikt og mangfaldig historisk materiale.
Men desse har vore spreidde og vanskeleg tilgjengeleg. Sogelaget vil arbeide for å samle desse trådane og gjere dei tilgjengeleg for nye generasjonar.
Samarbeid og innsamlingsarbeid
Vi samarbeider med ulike aktørar i Jølster og distriket rundt. I 2024 signerte vi avtalen om å ta over den historiske samlinga etter lærar Sverre Myklebust (bildet t.h.). Han samla og skreiv tekstar over ein 50-års periode frå 1940, og fekk Kongens fortenestemedalje mellom anna for dette arbeidet i 1992. Sonen, Kjartan Myklebust, har systematisert og katalogisert samlinga som inneheld over 6000 sider. Tekstar frå denne samlinga vil bli presentert både i sogehefte og på nettsida.
I 2025 samarbeidde vi med Anne Cecilie Kapstad om å vise smalfilmar tekne av tidlegare rektor ved Vassenden skule og skulesjef i Jølster, Bård Hamar. Kapstad har digitalisert filmane han tok på 60- og 70-talet. Ei framsyning er gjennomført i Gjesthalla i slutten av oktober. Den var fylt til siste plass, og det blir fleire framsyningar i 2026.
Vi har også samarbeida med Førde historielag og Indre Sunnfjord turlag om kulturvandring i nærmiljøet. I 2025 gjekk historievandringa på den gamle ferdslevegen gjennom Tynninga frå Vassenden til Angedalen. Dette samarbeidet blir vidareført.
Vi var også medarrangør under markeringa av 200 års jubileet for utvandringa til Amerika i Førdehuset 6.-7. september.
Sogelaget har ulike samarbeidsprosjekt på gang, og vi inviterer bygdefolk og andre til å tipse om aktuelle saker. Vi blir også svært glade viss nokon vil skrive artiklar til sogeheftet.
Kvifor historie betyr noko
Vi håpar de vil følgje oss vidare, bidra med innspel, dele kunnskap eller berre la deg inspirere av historia som har forma Jølster gjennom århundra. Lokal historie er felleseige – og i Jølster sogelag arbeider vi for at den skal vere levande, synleg og tilgjengeleg for alle.
Årsmeldingar

Bli medlem
Medlemskap kostar 250 kr i året. Som medlem støttar du innsamlingsarbeidet vårt og du får rabatterte billettprisar til våre arrangement.