19 deltok på mektig kulturvandring i Tjovurda

 

19 personar tok utfordring og vart med på Jølster sogelag si aller første kulturvandring på eigen kjøl. Dei aller fleste fekk eit uventa og overveldande møte med den mektige Tjovurda i Stardalen – i den mest positive betydninga av orda.

Villt og vakkert. Deltakarane på veg opp mot øvste punkt av rundturen. (Alle foto: Svein Heggheim)

– Dette var mektigare enn eg hadde førestilt meg, men for ein flott tur, sa ein av deltakarne etter å ha gått i Tjovane i Tjovurda sine fotspor. Både inne i urda og ute i dagslys der turleiar Jacob Flatjord viste veg og fortalde om segna der to truleg forviste menn hadde sin base ein vinter og sommar ein gong på 1750-talet.

Jacob Flatjord og Reidar Bakke har tidlegare guida interesserte gjennom den mektige urda der tjuvane livberga seg, før dei etter segna vart fanga og jaga ut av dalen. Søndag 7. juni var det duka for ein ny tur, denne gongen i regi av Jølster sogelag.

Og det vart ei mektig oppleving for dei som såg urda for første gong. Flatjord guida dei gjennom tronge rom og tidvis bratte rom inne i urda og i kronglete terreng mellom store og mektige steinar. Steinar som ein gong i tida har rasa ned og skapt den magiske urda.

Ifølgje segna gjorde dei to tjuvane kvardagen utrygg for innbyggjarane i Stardalen. Målet var ofte stabbur der dei fann mykje god mat i seine nattetimar.

– Men dei var som reven, som ikkje tek bytte i nær eige bøle. Dei braut seg inn lenger inne og lenger framme i dalen. Dei som budde på Flatjord, som ligg nærmast urda, slapp unna, fortalde Flatjord.

 

På veg inn i urda.

Lunt og trygt under denne steinen. Her overnatta ein skuleklasse for nokre år tilbake.

Kronglete på veg mellom steinane i urda.

Fleire stadar var det lagt ut tau, i berget var det festa stegjarn. Her er turfølgjet nesten på toppen.

Høgste punktet: På toppen av den vel to timar lange rundturen i urda møtte turdelakarane Katedralen. Her hadde Olav Stedje konsert tideg på 90-talet med over 40 tilhøyrarar.