Ville bli kvitt røvarane – sette fyr på skogen

 

Ei segn fortel at heile Gjesdalen og Gjesdalsdalen i Jølster ein gong for lang tid tilbake var kledd med stor furuskog. Skogen var tilhaldsstad for røvarar og fredlause. Gjesdølingane var ille plaga av desse. For å få røvarane bort, sette dei fyr på skogen.

Gjesdalsdalen. Foto: Roald Juklestad

 

 

I dag er det berre små klynger av furuskog. Men i myrane kan ein finne store fururøter og stokkar, også over det som i dag er skoggrensa. Dette fortel oss at det for lenge sidan har vore eit varmare klima.  Ein funnen gamal stokk er datert til ca. 3000 år f.kr.  Denne stokken vart for nokre år sidan, gravd opp på bøen til Jostein Gjesdal.

Les resten av historia i Sogeskrift for Jølster 2026, som kjem i sal 22. mars.