Slepp av Jølster sitt første sogeskrift

I over eitt år har styret i Jølster sogelag jobba for, og venta på, denne dagen. Og søndag 22. mars er den her. Då blir tidenes første Sogeskrift for Jølster sleppt – og staden er Jølstraholmen Landskapshotell.

Bilde frå sogeskriftet. Støylsjenter tek ein pause på veg inn Gjesdalsdalen.

 

Vi håpar mange finn vegen til Jølstraholmen denne ettermiddagen. Der blir høve høve til å kjøpe middag i restauranten både før, under og etter presentasjonen av heftet. Vi set i gang klokka 16.30.

Det heile startar med smalfilm signert Bård Hamar og sonen Rune. Bård tek oss med på tur over breen frå Lunde til Fjærland, og Rune fekk festa eit spennande møte med Einar Myklebust til filmrullane. Smalfilmane er digitalisert av Anne Cecilie Kapstad, og det er ho som styrer den sekvensen.

Mellom dei to filmane presenterer sogelaget det heilt ferske sogeheftet.

Kunstnaren Toralf Flatjord sitt måleri, «Skirenn», prydar framsida på heftet, som kjem ut 120 år etter at Jølster-kunstnaren vart fødd i Stardalen. Måleriet var med til aller siste runde av kunstkonkurransen i regi av Unicef Art Committee i 1990. I heftet finn du også to andre måleri signert kunstnaren som døydde i 1997.

Heftet er på totalt 120 sider og byr på eit variert innhald der fellesnemnaren er historier og forteljingar som ligg mange år tilbake i tid. Her får du eit nært møte med nyleg avdøde Brita Kongsvik (96). Også 100 år gamle Johanna Kvammen har fått ein brei plass i heftet. Du får også lese historia om familien Navnløs frå inste Stardalen der mor, far og åtte av deira ti born vandra ut til Amerika i 1869. Ein av dei, Christian, slo seg opp som skogseigar og sagbrukseigar i sitt nye land.

Vi har også funne gamle tufter i det brattaste Bjørsetfjellet, og har møtt Johan Flaten, som fortel om oppvekst og familieliv i Eikås-grenda.

Alt dette, og meir til, kan du lese om i sogeheftet, og sogelaget håpar mange finn glede i å lese innhaldet.

Du får sjølvsagt høve til å kjøpe heftet etter presentasjonen. Det blir også lagt ut for sal i butikkane i Jølster. Du finn det også i butikkar i Gloppen og Førde. Du kan også bestille heftet på denne nettsida, klikk på Sogeheftet for å finne bestillingsskjema. Prislapp: 300 kroner (nettbestilling 300+porto).