Heile styret i Jølster sogelag takka ja til attval på årsmøtet som var avvikla på Vassenden bibliotek måndag 23. februar.
Det inneber at Svein Heggheim held fram som leiar for eit styre samansett av Ingrid Søyland, Dag Lien, Magne Eikås og Grete Skaar Sunde. Roald Juklestad vart vald til eit nytt år som 1. varamedlem, medan Henriette Sunde tek over plassen som 2. varamedlem etter Arve Dvergsdal som takka nei til attval.
Styret fekk samrøystes støtte til forslaget om å etablere eit eige skriftstyre på tre medlemmer. Magne Eikås vart vald som leiar, og får med Ingrid Søyland og Heidi Fossheim Årdal i styret. Dei har som hovudoppgåve å jobbe fram stoff til Sogeskrift for Jølster. Det første heftet blir lansert 22 mars på Jølstraholmen, og her er det hovudstyret som har hatt ansvaret. Men til heftet som kjem i 2027 er det skriftstyret som har hovudansvaret. Det ligg likevel i korta at hovudstyret og skriftstyret skal ha ein tett dialog når heftet skal produserast og gjevast ut.
21 personar, inkludert styret, hadde funne vegen til årsmøtet. I tillegg til vanlege årsmøtesaker fekk dei også ein gjennomgang av «Sogeskrift for Jølster 2026» og ein presentasjon av laget si ferskaste satsing – eiga nettside.
Årsmeldinga vitnar om at lagets første heile arbeidsår har vore aktivt med sogeskrift og nettsatsing som dei mest krevjande. I årsplanen for 2026 legg styret opp til fleire kulturvandringar. Til våren er det planlagt vandring til Tjovurda i Stardalen der det ifølgje ei segn budde to tjuvar på 1600-talet. Duoen gjorde kvardagen utrygg for dei som budde i dalføret. Segna kan de lese i sogeskriftet som kjem til påske.
Det er også planar om kulturvandring fleire stader i Jølster i år, mellom anna til Kjøsnes.
Styret i Jølster sogelag. Frå v: Grete Skaar Sund, Dag Lien, Magne Eikås, Ingrid Søyland og Svein Heggheim


