Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Smalfilm og slepp av Sogeskrift for Jølster

22. mars ◉ 16:3018:00
Gratis

Søndag 22. mars er det klart for slepp av historias første Sogeskrift for Jølster. Det skjer på Jølstraholmen Landskapshotell på Vassenden. Og viss du ikkje fekk med det smalfilmframsyninga i Gjesthalla sist haust får du ein ny sjanse å sjå smakebitar denne ettermiddagen. Og ikkje nok med det; Jølstraholmen Landskapshotell opnar for at det heile kan kombinerast med å kjøpe og nyte middag.

Det siste året har styret i Jølster sogelag jobba systematisk med å samle stoff til lagets første sogeskrift.  Heftet vart på 120 sider og byr på variert historisk stoff frå heile Jølster – frå inste Stardalen til Flaten på Eikås. Vårt håp er at jølstringar og andre historieinteresserte vil finne mykje interessant lesestoff i heftet.

Denne søndagen blir det presentert, og det blir høve til å kjøpe heftet.

I slutten av oktober i fjor var Gjesthalla fylt til siste plass då Anne Cecilie Kapstad viste digitaliserte smalfilmar tekne av Bård Hamar på 60- og 70-talet. Søndag 22. mars blir det reprise på nokre av filmane i samband med presentasjonen av sogeheftet.

 

Alle er hjarteleg velkomne til arrangementet.

Bilde under: Frå framsyninga i Gjesthalla hausten 2026 (Foto: Anne Cecilie Kapstad), og framsida av sogeskriftet.

 

Detaljar

  • Dato 22. mars
  • Tid:
    16:30 – 18:00
  • Billettpris: Gratis

Stad

  • Jølstraholmen Landskapshotell