Kulturvandring på Kjøsnes
6. september ◉ 12:00 – 14:00
Gratis

Søndag 6. september er det klart for kulturvandring på Kjøsnes. Johannes Kjøsnes viser veg til Kjøsneshogen og den over 100 år gamle stova plassert mellom fem-seks gravhaugar. Han fortel historia om staden der det er dokumentert busetnad for mellom 1500 og 2000 år sidan. Dattera, Ragnhild, tok over gardsbruket i 2023, og satsar som heiltidsbonde på ein måte med sterk likskap av 1970-talet. Ho fortel om si satsing, og saman med faren sel ho rømask og potetkaker til dei som blir med på kulturvandringa.