Smalfilm og slepp av Sogeskrift for Jølster
Søndag 22. mars er det klart for slepp av historias første Sogeskrift for Jølster. Det skjer på Jølstraholmen Landskapshotell på Vassenden. Og viss du ikkje fekk med det smalfilmframsyninga i Gjesthalla sist haust får du ein ny sjanse å sjå smakebitar denne ettermiddagen. Og ikkje nok med det; Jølstraholmen Landskapshotell opnar for at det heile kan kombinerast med å kjøpe og nyte middag.
Det siste året har styret i Jølster sogelag jobba systematisk med å samle stoff til lagets første sogeskrift. Heftet vart på 120 sider og byr på variert historisk stoff frå heile Jølster – frå inste Stardalen til Flaten på Eikås. Vårt håp er at jølstringar og andre historieinteresserte vil finne mykje interessant lesestoff i heftet.
Denne søndagen blir det presentert, og det blir høve til å kjøpe heftet.
I slutten av oktober i fjor var Gjesthalla fylt til siste plass då Anne Cecilie Kapstad viste digitaliserte smalfilmar tekne av Bård Hamar på 60- og 70-talet. Søndag 22. mars blir det reprise på nokre av filmane i samband med presentasjonen av sogeheftet.
Alle er hjarteleg velkomne til arrangementet.
Bilde under: Frå framsyninga i Gjesthalla hausten 2026 (Foto: Anne Cecilie Kapstad), og framsida av sogeskriftet.

